Nesten slutt på 2017
Du store tid kor fort dagen gjeng og vekene og! Går det an? Har noken kutta ned på kvart sekund og minutt? Dei kjennes så korte.
Merkeleg - før (for nokre år sia...) fekk eg utretta mykje meir på kortare tid og no kjem dagsrevyen altfor tidleg på..... kanskje er det at dagane er kortare og veret vil eg no ikkje snakke om!!!
Hvis eg skal gå ein trimmetur lyt eg faktisk ta den rett etter frukosten så ikkje mørket skal komme først heim! No har vi hatt minusgrader og glatte vegar, då regna det ikkje! Igår var den grå himmelen heilt blå og litt sol fekk vi og, så da spurta vi over brua og bort dit alle butikkane er - det tok vel 1 time med rask gange, godt å kvile beina på kafeen etterpå. Før det gjekk i retur same veg heim. Bra trim! Kjenner det i dag og, så dette gjer godt i skrotten!
Idag, litt mildare og turen gjekk fort rundt
et område. Men kald austavind isa godt i andletet.
No er det dags for litt mat og så førebuing til julemessa neste laurdag, 2.desember inne i Tresfjorden Fleirbrukskule. Best å ha litt god tid til det.
November og desember er kjekke sjøl om det blir tidleg mørkt. På med lys, og telys m.m. fyre i omnen og ha det godt inne i hus om det bles kaldt elles. Og no er det berre ein månad til solsnu - det gjer alt lettare og.
No bers det rett inn på lageret for å finne høvelege bilder til julemessa! Skal bli kjekt å vere der og treffe koselege folk - så dere få ha ein fin kveld og sjå gjerne på maleria eg har inne her frå før og.
Snakkast ein vakker dag eg får skrivekløe!
Nyeste kommentarer
OYAL09XW www.yandex.ru
Så koselig. Håper du får sett litt av det her på webgalleriet mitt. Bare klikk på meny - der finner du mange ulike sider å sjå gjennom. Koselig å få tilbakemelding fra deg! Snakkest. Ha ein fin dag!
Jeg møtte deg sammen med Åse på lørdag på Digerneset, og jeg vil gjerne se hva du har laget
Du er virkelig flink Sylvia, dette kan du.